Ulstein Olav HaraldKunstnaren Olav Harald Ulstein frå Sykkylven har sitt atelier i Sykkylven Kunstgalleri, som han driv saman med Trine Cruickshank.Han vart fødd på Hareid i i 1963. Etter å ha budd der nokre år, flytta han til Sykkylven som tiåring. Der har han heldt til sidan. Olav Harald Ulstein trivst blandt dei høge og stolte sunnmørstindane som omkransar Sykkylven.

For det er nettopp den storslagne naturen både i Sykkylven, Sunnmøre og i landet elles som gir Olav Harald Ulstein inspirasjon til å måle. Han finn stor glede i å ferdast i det fri, og legg ofte ut på jakt- eller fisketurar for å hauste av det naturen kan gi. Dei siste bileta til Olav Harald Ulstein kan du sjå på nettgalleriet for Juleutstillinga 2006.

Sykkylven

Når eg er ute og går anten på fjellet eller i skogen, blir eg alltid fengsla av kor raskt stemningane i naturen endrar seg, seier Olav Harald. Han lar seg fascinere av dei overraskande elementa som skapar spenning og overgangar frå det rolige og blikkstille til det dramatiske og stolte. Det synar att i bileta til til kunstnaren.

Tåka som leikar kring eit mørkt tindelandskap, den vare stemninga i skogen når lyset bryt gjennom lauvverket og skapar naturen sin sin eigen katedral dekorert i gull og grønt, havet i opprør og haustkledde tre som sakte og sikkert må gi tapt for vinteren. Allt dette er døme på motivverda som Olav Harald Ulstein bevegar seg i. I tilegg til naturalistiske oljemaleri, har Olav Harald Ulstein arbeidd mykje med portreitteikningar. Han har hatt fleire oppdrag både for privatpersonar og ulike verksemder.

Sjå dei nyaste bilete til Olav Harald Ulstein på nettgalleriet.

Legg gjerne att ei helsing eller ein kommentar om websidene, Sykkylven Kunstgalleri eller bileta mine i gjesteboka mi.

Comments Ingen kommentarer »

Fredag 14. mars vart verdens mest moderne og avanserte seismikkfartøy overlevert og døpt i Ålesund.Båtens navn er Ramform sovereign, og dåpsgaven fra AKER YARDS Langstein som leverte båten var eit maleri signert Olav H. Ulstein

Comments Comments Off

Olav Harald Ulstein markerer sitt 10 års jubileum som billedkunster og inviterer til stor jubileumsutstilling i Sykkylven kunstgalleri. På sine 10 år som kunstner og 7 år som heltidskunstner har han, med stor suksess, deltatt på utstillinger fra Tromsø i nord til Stavanger i sør. På jubileumsutstillingen blir det bl.a presentasjon av jubileumsserie med grafikk. Utstillingen åpner søndag 02.12 og vil vare fram til jul.

Comments Ingen kommentarer »

Etter ei flott opning av direktør ved Valdresmusea Torveig Dahl og fiolinist Maren Ristebråten så var utstillinga som markerte starten på rakfiskfetivalen 2007 igang.Det var godt med folk på på opninga, og besøket nådde dei store høgder Laurdag 3. nov. Da var det stort sett fullt i lokala til Valdres kunstforening heile dagen.Også salget var godt,det aller meste av utstillinga vart solgt i løpet av opningshelga.Utstillinga varer til 24. nov.

Comments Ingen kommentarer »

Rakfiskfestivalen 2007 på fagernes nærmer seg med stormskritt,og med det også mi separatutstilling som opner i Valdres kunstforening sine lokaler Torsdag 1. November.Dette er ei Utstilling som eg har arbeidt med store deler av det siste året,og som eg gleder meg noke heilt utruleg til å presangtere for det store publikumet som gjestar Fagernes desse dagane.Utstillinga vil inneholde ca. 30- 35 orginalarbeider i ulike størelser.Eg vil med dette ønske alle velkommen til opninga 1.november.

Comments Ingen kommentarer »