Forfatter arkiv

Fredag 14. mars vart verdens mest moderne og avanserte seismikkfartøy overlevert og døpt i Ålesund.Båtens navn er Ramform sovereign, og dåpsgaven fra AKER YARDS Langstein som leverte båten var eit maleri signert Olav H. Ulstein

Comments Comments Off

På årets juleutstilling så kan vi presentere 40 nye bilete av Olav Harald Ulstein og spanande bilete av Tove Stavem Reite. Kunst er stadig meir populært som julegave og hos oss kan du finne bilete i alle format og prisklasser, frå 750 kr til 18.000 kr.

Olav Harald Ulstein sine nye bilete kan du sjå på nettgalleriet, under Juleutstilling 2006

Sjølve galleriet kan du også sjå som fullskjerm interaktivt panorama ( QuickTime, 1 mb )

sykkylven_ulstein_jul_2.jpgOlav Harald Ulstein sine bilete er også denne gangen tolkingar av ulike naturstemningar i Olav Haralds karakteristiske stilutrykk, der dei ulike årstidene og dei vare stemningane i naturen står i fokus.

sykkylven_ulstein_jul_17.jpgNytt er at han no også måler bilete på acrylglass, noko som passar fint for den som ynskjer naturbilete som passar til moderne, meir minimalistiske interiør. Sja alle bileta til Olav Harald Ulstein på nettgalleriet.

Vi håper du finn tid i julestrida til å kome innom, anten berre for å sjå, eller for å finne det rette bilete til deg sjølv eller nokon annan.

God Jul.

Comments Ingen kommentarer »

Norsk Rakfiskfestival 2007 vert arrangert på Fagernes i november 2007. Det som idag er Norsk Rakfiskfestival har vore arrangert frå 1990, då det byrja med eit rakfisklag med 30 personar. Sidan den gong så har rakfiskfestivalen vokse for kvart einaste år, og det er no mange tusen publikummerar. Sentralt i rakfiskfestivalen er sjølvsagt dei store rakfisklaga, og utstillingane frå produsentane av rakfisk og tradisjonsmat.

Rakfiskfestivalen 2006 hadde mellom anna Vassendgutane, Di Derre, Odd Nordstoga og Ravi & DJ Løv, som underhalderar.

Olav Harald Ulstein har fått æra å verte invitert som festivalkunstnar. Invitasjonen kjem frå Valdres Kunstforening, og Olav skal ha utstilling i Valdres Kunstforening sine lokaler i Fagernes sentrum.

Blandt tidlegare festivalkunstnerar så finn vi Eva Laila Hilsen, Dag Gimle og Leslie Ayres, og fleire av desse har og fått æra av å prege den populære rakfiskakevitten.

Les meir om Norsk Rakfiskfestival på www.rakfisk.no

Comments Ingen kommentarer »

Årets juleutstilling er no open, og vi stiller ut 40 nye bilde av Olav Harald Ulstein og bilder av Tove Stavem Reite.

Meir om utstillinga kan du lese på Juleutstilling 2006, og Olav Harald Ulstein sine nye bilder kan du sjå online på bildegalleriet.

Comments Ingen kommentarer »